Denne filmen er skriven og instruert av Eva Smith. Det var ein gong ein rettsstat Me kjenner alle fru Justitia gudinne av rettferd, som veg bevisa opp mot kvarandre men fru Justitia er òg symbolet på balansen i rettssystemet vårt: balansen mellom rettstryggleiken til den einskilde borgaren og statens ønskje om å kjempa mot kriminalitet Og i dei siste ti åra har den eine vektskåla berre blitt tyngre og tyngre og tyngre Det er de danske politikarane som har endra på den grunnleggjande balansen Og det så grundig at Irans diktator har vist til Danmark som eit førebilete for sitt eige system Dei har sikkert sett demonstrasjonane i København i forigårs Det som hende i København var det same som hende i Teheran I mange år har forsvararen i ein rettssak hatt tilgang til same materialet som klagaren Men «rockerloven» (forbod mot opphald i visse eigedommar) frå 2003 er eit steg i motsett retning I loven, som gjeld alle borgarar, står det nemleg at forsvararen i alvorlege rettssakar ikkje naudsynlegvis skal ha tilgang til alle opplysningane som klagaren har Det må vera eit krav at den dømde kan vera trygg på at der ikkje finst løynde opplysningar som kunne ha frifunne dei Alle dei me ikkje liker har jo krav på same rettar som alle oss andre Elles bur me ikkje i eit rettssamfunn Men det er jo ein avveging, kor mykje omsyn til kriminalitetskjemping skal vega i forhold til prinsippet om rettstryggleik og då meiner eg at kriminalitetskjemping skal vega ein smule tyngre enn hittil Ein annan lov som går til åtak på rettstryggleiken og dei demokratiske rettane våre er dei to terrorlovane Dei nye lovane gir politiet meir tilgang til overvaking og registrering av telefonsamtaler, og ved bruk av Internett I dag skal teleselskap registrera alle oppringingar, SMS-ar, epost og oppslag på Internett I 2008 var det 82.000 opplysningar per danske Det er 225 opplysningar per dag. Nye studentar tør ikkje gå inn på heimesida til Al-Quaida, av frykt for å bli registrert sjølv om det er fullt lovleg Ønskjer me verkeleg eit samfunn kor me ikkje tør søkja på Internettet? Spurnaden er jo om det i det heile teke hjelper. Danske PST hadde øksemannen som åtok Kurt Vestergaard i kikkerten, men åtaket kom jo likevel Før klimatoppmøtet COP15 i København vedtok politikarane «lømmelpakken», ein lovpakke som tillèt fengsling av vanskelege demonstrantar og gir politiet høvet til å halda borgarar prevantivt i 12 timar Politiet meinte at lømmelpakken gav høvet til å ta inn alle som var i området Det ville seia at nokre eldre damar og ein flokk Hare Krishna-munkar måtte i handjern Men denne mangfaldige fangsten gjorde ikkje politikarane mindre oppglødde for aksjonen - Me har gjort det godt - Det tyder at me fekk ein fredeleg demonstrasjon - Politiet har hatt den vanskelege oppgåva å stå for tryggleiken rundt møtet, og har løyst ho med ansvar og på beste måte - Københavnpolitiet skal anerkjenna at arrestasjonen av saksøkarane var ulovleg - Når Landsrettens dom er sett, så må me sjå om det er bruk for ein klår heimel for politiet i sånne samanhengar - Det er for mange ting på spel, det kan påverka meg mykje, viss det er at eg blir stoppa frå å demonstrera Det eg er uroleg for er at politikarane ikkje ser ut til å sjå kostnaden ved lovgivinga deira, og for om ho i det heile hjelper. Viss du byggjer opp eit system kor folk ikkje kan seia kva dei meiner, ikkje synst at rettssystemet er rettferdig, og ikkje tør å gå i demonstrasjonar, så vil demokratiet stivna Tenk på dei store reformane i det siste århundret, stemmerett for kvinner, fagrørsla, like rettar for homoseksuelle I dag er det sjølvsagt, men ein gong var det eit åtak på dei som hadde makt Tenk om PST den gongen hadde stått klår med overvaking. Personleg er eg ikkje så redd for MC-folk og terroristar og lømlar, som for kva angsten for dei kan gjera med demokratiet vårt.