WEBVTT 99:59:59.999 --> 99:59:59.999 Moderne kunst og ambisjonar 00:00:14.668 --> 00:00:16.991 Inst i Nord-London, øvste toppetasje 00:00:16.991 --> 00:00:20.045 Alt er kvitt, verdig ei Bonytt-reportasje 00:00:20.045 --> 00:00:21.982 Rispapir-romdelarar 00:00:23.567 --> 00:00:25.045 Verten er ein lege, 00:00:25.045 --> 00:00:26.563 Real kar, driv ein praksis privat 00:00:26.563 --> 00:00:27.770 Kjærasten hans er skodespelar 00:00:27.770 --> 00:00:29.425 Ei veninne frå min heimstad 00:00:29.425 --> 00:00:30.952 Og det er alltid koseleg hjå dei, 00:00:30.952 --> 00:00:33.392 så me har komt til middag. 00:00:34.931 --> 00:00:36.903 Den femte gjesten er ukjend, 00:00:36.903 --> 00:00:39.298 Vertskapet har hivd oss saman som ei teneste 00:00:39.298 --> 00:00:41.383 Jenta er nettopp ankome frå Australia 00:00:41.383 --> 00:00:42.770 har flytta til Nord-London 00:00:42.770 --> 00:00:44.124 Og ho er nokon si syster, 00:00:44.124 --> 00:00:46.099 eller ei anna svak forbindelse 00:00:46.099 --> 00:00:47.731 Etter kvart som me vert introdusert 00:00:47.731 --> 00:00:49.562 er eg slått av hennar skjønnheit 00:00:49.562 --> 00:00:51.166 Ho er ugjendriveleg vakker 00:00:51.166 --> 00:00:53.302 Mørke augo, mørkt hår 00:00:53.302 --> 00:00:54.614 Men medan me sit der 00:00:54.614 --> 00:00:56.745 Merkar eg at eg vert skeptisk 00:00:56.745 --> 00:00:59.348 Fordi eg kan sjå hovudet til ein alv 00:00:59.348 --> 00:01:01.312 tatovert på det populære området 00:01:01.312 --> 00:01:02.675 Du veit, like over høgre rumpeball 00:01:02.675 --> 00:01:05.003 Og når ho seier: «Eg er Skytten» 00:01:05.003 --> 00:01:08.345 Har eg allereie danna ein samlesekk 00:01:08.345 --> 00:01:10.333 Og strien vert straks strammare 00:01:10.333 --> 00:01:14.083 Når ho seier ho heiter Storm 00:01:14.760 --> 00:01:17.559 Praten går i utgangspunktet lett om laust og fast 00:01:17.559 --> 00:01:20.258 Men det er ikkje lenge før Storm er i gang 00:01:20.258 --> 00:01:22.085 «Du kan ikkje vite noko, 00:01:22.085 --> 00:01:24.082 kunnskap er berre meiningar,» 00:01:24.082 --> 00:01:26.898 meiner ho over glaset med Baco Noir 00:01:26.898 --> 00:01:27.545 Tvers over bordet 00:01:27.545 --> 00:01:29.045 Som eit svar 00:01:29.045 --> 00:01:31.562 Til min alldeles empiriske kommentar. 00:01:31.562 --> 00:01:33.242 «Det var ikkje den beste starten» 00:01:33.242 --> 00:01:34.735 Me har ikkje ein gong byrja med maten 00:01:34.735 --> 00:01:36.265 Og på andre sida av bordet, mi kone 00:01:36.265 --> 00:01:37.622 Hevar augebryna 00:01:37.622 --> 00:01:39.640 i ei lydlaus bøn, «ver snill?» 00:01:39.640 --> 00:01:40.820 Ei ekteskapelet åtvaring 00:01:40.820 --> 00:01:42.236 Ikkje verdt å gjere ho ill 00:01:42.236 --> 00:01:44.179 Så eg motstår trangen til å spørje Storm 00:01:44.179 --> 00:01:46.229 om kunnskap er så laust vevd 00:01:46.229 --> 00:01:47.456 at ho ein morgon 00:01:47.456 --> 00:01:48.630 kan forlate leilegheita 00:01:48.630 --> 00:01:50.734 gjennom inngangsdøra 00:01:50.734 --> 00:01:53.969 eller ut andreetasje svevd. 00:01:54.861 --> 00:01:57.025 Maten er deileg og Storm 00:01:57.025 --> 00:01:58.452 Sjølv om ho unngår alt kjøt 00:01:58.452 --> 00:01:59.906 sit stille og et 00:01:59.906 --> 00:02:02.439 Medan den gode lege, litt brisen 00:02:02.439 --> 00:02:06.900 Held hoff på anakronistiske aspekt ved medisinhistoria 00:02:06.900 --> 00:02:09.637 Då bryt Storm plutseleg ut 00:02:09.637 --> 00:02:11.309 «Den menneskelege kroppen er eit mysterium, 00:02:11.309 --> 00:02:13.399 vitskapen hinkar, snublar og fell 00:02:13.399 --> 00:02:17.247 når dei prøver å forklare djupna i den menneskelege sjel» 00:02:17.247 --> 00:02:18.716 Vertinna kastar eit blikk i mi retning 00:02:18.716 --> 00:02:20.968 Ho, som mi kone veit at eg 00:02:20.968 --> 00:02:23.894 er på veg inn i ei krass beretning 00:02:23.894 --> 00:02:25.496 Men mine lepper er forsegla 00:02:25.496 --> 00:02:27.377 Eg vil nyte mitt måltid 00:02:27.377 --> 00:02:29.606 Og sjølv om Storm stryk meg mot håra 00:02:29.606 --> 00:02:31.975 er det ikkje i mi interesse å vogge på båten 00:02:31.975 --> 00:02:33.646 Trass i at det er litt av ein kamp. 00:02:33.646 --> 00:02:35.597 Fordi — som hennar meteorologiske namnebror — 00:02:35.597 --> 00:02:39.242 har ikkje Storm bekymringar for båten vår 00:02:39.242 --> 00:02:41.007 «Farmasøyter er fienden. 00:02:41.007 --> 00:02:42.842 Dei fremjer narko-avhengigheit 00:02:42.842 --> 00:02:44.815 på bekostning av naturlege remedier 00:02:44.815 --> 00:02:46.867 som er alt kroppen vår treng. 00:02:46.867 --> 00:02:48.530 Dei er umoralske og drivne av pengar. 00:02:48.530 --> 00:02:49.947 Kvifor ta dop 00:02:49.947 --> 00:02:51.270 når urter løyser det? 00:02:51.270 --> 00:02:52.571 Kvifor bruke kjemikalier 00:02:52.571 --> 00:02:53.825 når homeopatiske oppløsningar 00:02:53.825 --> 00:02:54.978 oppløyser problemet? 00:02:54.978 --> 00:02:56.634 Det er på tide at me går attende til liv 00:02:56.634 --> 00:02:57.911 Med naturlege medisinske alternativ." 00:02:58.065 --> 00:03:00.767 Og uansett kor hardt eg held på mi hemning 00:03:00.767 --> 00:03:02.602 Ein aldri så liten sprekk oppstår 00:03:02.602 --> 00:03:04.474 i mi diplomatiske demning 00:03:05.551 --> 00:03:08.035 «Per definisjon,» startar eg 00:03:08.035 --> 00:03:09.870 «har alternativ medisin,» fortset eg 00:03:09.870 --> 00:03:12.447 «enten ikkje blitt bevist å fungere, 00:03:12.447 --> 00:03:15.326 eller vist seg å ikkje fungere. 00:03:15.326 --> 00:03:17.277 Veit du kva dei kallar alternativ medisin 00:03:17.277 --> 00:03:19.413 som fungerar? 00:03:19.413 --> 00:03:21.104 Medisin.» 00:03:21.519 --> 00:03:22.636 «Så du trur ikkje 00:03:22.636 --> 00:03:23.544 på NOKRE naturlege medisinar?» 00:03:23.651 --> 00:03:24.939 «Faktisk tvert i mot, Storm! 00:03:24.939 --> 00:03:26.820 Før me kom til te 00:03:26.820 --> 00:03:28.447 Tok eg eit naturleg middel 00:03:28.447 --> 00:03:30.048 frå barken frå piletreet. 00:03:30.048 --> 00:03:32.927 Eit smertestillande middel, omtrent utan biverknad 00:03:32.927 --> 00:03:34.483 Det har eit merkeleg namn 00:03:34.483 --> 00:03:35.667 Kjære, kva var det igjen? 00:03:35.667 --> 00:03:36.758 Maspirin? 00:03:36.758 --> 00:03:37.966 Baspirin? 00:03:37.966 --> 00:03:39.011 Åja! Aspirin! 00:03:39.011 --> 00:03:40.357 Som eg betalte ca. ein femtilapp for 00:03:40.357 --> 00:03:42.819 På mitt lokale apotek. 00:03:42.819 --> 00:03:44.142 Debatten avtar kort deretter 00:03:44.142 --> 00:03:45.652 Medan vertane samlar asjetter 00:03:45.652 --> 00:03:47.021 Men når dei kjem attende med desserten 00:03:47.021 --> 00:03:48.600 Tiltek Storm ferden 00:03:48.600 --> 00:03:50.203 «Shakespeare sa det først: 00:03:50.203 --> 00:03:52.385 Det er fleire ting mellom himmel og jord 00:03:52.385 --> 00:03:54.313 enn det som eksisterar i dine filosofiar… 00:03:54.313 --> 00:03:57.331 Vitskap er berre slik me er opplært til å sjå røynda 00:03:57.331 --> 00:04:00.628 Det forklarar ikkje kjærleik eller ånda. 00:04:00.628 --> 00:04:03.066 Korleis forklarar vitskap dei synske? 00:04:03.066 --> 00:04:05.737 Auraer? Det hinsidige? Bønas kraft? 00:04:05.737 --> 00:04:07.084 Eg finn meg sjølv 00:04:07.084 --> 00:04:08.361 Stirande 00:04:08.361 --> 00:04:10.102 Som ein kanin plutseleg stansa 00:04:10.102 --> 00:04:13.051 I flomlyset frå ei mengd infatil slam 00:04:13.051 --> 00:04:15.861 Om det er fordi ho feilsiterer Hamlet 00:04:15.861 --> 00:04:18.229 Eller åtte glas raudvin som i bakhovudet skramlet 00:04:18.229 --> 00:04:20.365 Men mi diplomatiske demning stønner 00:04:20.365 --> 00:04:22.641 Og rævholet i meg drønner 00:04:22.641 --> 00:04:24.283 Det kan ikkje bli holdt tilbake lenger: 00:04:24.283 --> 00:04:25.938 «Altså, Storm, eg meiner ikkje å stura 00:04:25.938 --> 00:04:27.912 Men det finst ikkje noko slikt som ein aura! 00:04:27.912 --> 00:04:30.071 Å lese auraer er som å lese tankar. 00:04:30.071 --> 00:04:33.647 Eller stjerneteikn, teblader eller ki-kanalar. 00:04:33.647 --> 00:04:35.273 Desse menneska yter ikkje eit yrke. 00:04:35.273 --> 00:04:37.059 Anten så lyg dei, eller så er det mentalt sjuke. 00:04:37.059 --> 00:04:41.054 Det same gjeld dei som hevdar å høyre Gud 00:04:43.943 --> 00:04:44.750 Forresten, 00:04:44.750 --> 00:04:45.907 Kvifor er det OK 00:04:45.907 --> 00:04:47.393 Å late som at ein kan snakke med dei døde? 00:04:47.393 --> 00:04:49.901 Er ikkje det jævlig sjukt i hovudet? 00:04:49.901 --> 00:04:53.523 Å ljuge for ei gråtande kvinne som har mista ein liten 00:04:53.523 --> 00:04:55.892 Og fortelje at du kan kontakte han frå hinsiden? 00:04:55.892 --> 00:04:58.098 Det er berre grunnleggjande lynsk. 00:04:58.098 --> 00:05:02.324 Må me verkeleg framleis avkrefte at det finst folk som er synsk? 00:05:02.324 --> 00:05:03.601 Har me endå ikkje komt over den bøygen, 00:05:03.601 --> 00:05:06.062 trur me framleis på trollet og draugen? 00:05:06.062 --> 00:05:08.825 Trur du framleis at nissen gir oss gåver? 00:05:08.825 --> 00:05:11.310 At Micheal Jackson ikkje hadde ein magisk makeover? 00:05:11.310 --> 00:05:13.214 Er me så lamslått av simpel trylling 00:05:13.214 --> 00:05:14.886 At me trur dei døde sin ønskereprise 00:05:14.886 --> 00:05:16.349 er å preike skit med ein jævla skrulling 00:05:16.349 --> 00:05:18.251 som vår eiga vesle Märtha-Louise? 00:05:19.205 --> 00:05:21.480 Til trass for mitt hån 00:05:21.480 --> 00:05:24.360 Fyrer Storm av klisjéar med imponerande presisjon 00:05:24.360 --> 00:05:27.216 Som ein snikskytar som brukar skitpreik som ammunisjon. 00:05:27.216 --> 00:05:29.839 «Du er si sikker i din sak 00:05:29.839 --> 00:05:31.697 Men du er berre sneversynt. 00:05:31.697 --> 00:05:32.788 Snart vil du sjå 00:05:32.788 --> 00:05:35.064 at di tru på vitskap og testar 00:05:35.064 --> 00:05:36.271 er like blind 00:05:36.271 --> 00:05:39.247 som hjå alle andre fundamentalistar» 00:05:39.801 --> 00:05:42.057 «Hm, godt poeng, lat meg tenkje litt. 00:05:42.057 --> 00:05:45.210 Ah, vent, min feil, rein og skjer bullshit! 00:05:46.149 --> 00:05:50.598 Vitskap justerar trua basert på kva som er observert. 00:05:50.598 --> 00:05:55.228 Tru er fornektinga av observasjon, slik at trua er konservert. 00:05:55.474 --> 00:05:56.142 Om du kan vise meg 00:05:56.142 --> 00:05:57.634 At homøpati fungerar, 00:05:57.634 --> 00:05:59.538 Då skal eg endre mi føring 00:05:59.538 --> 00:06:01.767 Snu på ein jævla femøring. 00:06:01.767 --> 00:06:03.392 Eg vert flau som faen, 00:06:03.392 --> 00:06:05.366 men skal springe gjennom gatene og rope 00:06:05.366 --> 00:06:08.431 Det er eit mirakel! Moderne fysikk er søppel!t 00:06:08.431 --> 00:06:10.103 Vatn har hukommelse! 00:06:10.103 --> 00:06:14.050 Og medan det alltid kan hugse ein løkjus-dæsj 00:06:14.050 --> 00:06:16.395 Gløymer det augneblinkeleg tonnevis med bæsj! 00:06:16.395 --> 00:06:18.726 Vis meg at det verker, og kvifor det verker 00:06:18.726 --> 00:06:20.074 Så skal eg — når eg er attende frå den sjokkprega fasen — 00:06:20.074 --> 00:06:23.269 Risse VISST FAEN midt i rassen!» 00:06:25.377 --> 00:06:27.170 Alle stirrar på meg no, 00:06:27.170 --> 00:06:29.417 Men eg er ganske berusa, og har gravd meg så langt ned, 00:06:29.417 --> 00:06:32.487 Og har eg sagt A, skal eg faen meg seie B: 00:06:32.487 --> 00:06:35.180 «Ja, livet er fullt av mysterier 00:06:35.180 --> 00:06:37.131 Men det er svar der ute 00:06:37.131 --> 00:06:38.594 Og dei vert ikkje funne av folk 00:06:38.594 --> 00:06:40.103 Av grublarar 00:06:40.103 --> 00:06:41.241 som alvorleg 00:06:41.241 --> 00:06:42.750 «Er ikkje livet mystisk?» 00:06:42.750 --> 00:06:44.445 Grubling er berre forbokstaven 00:06:44.445 --> 00:06:45.931 Lat oss ringe den jævla paven 00:06:45.931 --> 00:06:47.208 Lat oss sjå Oprah 00:06:47.208 --> 00:06:48.903 Intervjue Deepak Chopra! 00:06:48.903 --> 00:06:52.735 Om du skal sjå på TV, sjå Scooby Doo! 00:06:52.735 --> 00:06:54.430 Det programmet var så kult 00:06:54.430 --> 00:06:56.659 for kvar gong det var ei kyrkje med eit skrømt 00:06:56.659 --> 00:06:58.307 Eller eit monster som var rømt 00:06:58.307 --> 00:07:02.139 Så såg dei under maska og kva fann dei der? 00:07:02.139 --> 00:07:05.353 Ein sirkusdirektør, eller ein vaktmeister! 00:07:05.353 --> 00:07:07.015 Gjennom historia 00:07:07.015 --> 00:07:08.989 har alle mysteria 00:07:08.989 --> 00:07:12.843 som NOKON SINNE er løyst, vist seg å 00:07:12.843 --> 00:07:15.081 Ikkje vere magi. 00:07:15.081 --> 00:07:16.582 Er ideen om at det kan vere sant 00:07:16.582 --> 00:07:17.928 Så skremmande? 00:07:17.928 --> 00:07:19.647 Er ideen om at ein ettermiddag 00:07:19.647 --> 00:07:21.736 På Wiki-faens-pedia kan vere opplysande 00:07:21.736 --> 00:07:23.053 Så skremmande? 00:07:23.053 --> 00:07:25.266 Er mangelen på det overnaturlege 00:07:25.266 --> 00:07:26.984 Så sjokkerande for ei hippie-burugle 00:07:26.984 --> 00:07:29.074 At du heller stotrar rundt i tåka 00:07:29.074 --> 00:07:31.158 Skapt av di manglande evne til å Google? 00:07:31.512 --> 00:07:33.643 Er ikkje dette nok? 00:07:35.351 --> 00:07:39.451 Berre denne verda? 00:07:41.081 --> 00:07:46.653 Berre denne vakre, komplekse 00:07:46.653 --> 00:07:49.935 Fantastisk ufattelege verda? 00:07:52.166 --> 00:07:55.196 Den klarar ikkje å halde 00:07:55.196 --> 00:07:57.054 Oss frå å syte 00:07:57.054 --> 00:08:00.330 å skape kjipe, menneskelaga monstre og myter. 00:08:01.346 --> 00:08:03.114 Om du er så glad i Shakespeare, 00:08:03.114 --> 00:08:05.549 O' lån meg ditt øyre: 00:08:07.549 --> 00:08:11.938 «Å forgylle raffinert gull, å male ei lilje. 00:08:11.938 --> 00:08:17.650 Å spraye parfyme på fiolen… skapar vrangvilje» 00:08:17.650 --> 00:08:19.810 Eller noko slikt. 00:08:19.810 --> 00:08:21.074 Eller kva med Satchmo?! 00:08:21.074 --> 00:08:22.712 I see trees of Green, 00:08:22.712 --> 00:08:24.895 Red roses too, 00:08:24.895 --> 00:08:26.265 Og greit, om du parafrasert 00:08:26.265 --> 00:08:27.844 Vil ha Krishna og Vishnu glorifisert 00:08:27.844 --> 00:08:29.864 På ein post-kolonial, nedlatande, 00:08:29.864 --> 00:08:31.907 patentsatt og prissatt slags måte. 00:08:31.907 --> 00:08:33.093 Det er greit. 00:08:33.093 --> 00:08:35.930 Men her er det som gir meg ein kraftig ereksjon: 00:08:36.853 --> 00:08:42.350 Eg er ein liten, uvesentleg, uvitande klump karbon. 00:08:42.350 --> 00:08:45.653 Eg har eitt liv, og det er kort 00:08:45.653 --> 00:08:47.139 Og uviktig… 00:08:47.631 --> 00:08:51.110 Men på grunn av at medisinar har blitt mykje betre 00:08:51.110 --> 00:08:57.946 Får eg leve dobbelt så lenge som tipp-tipp-tipp-tipp-tipp-tipp-forfedre 00:08:58.639 --> 00:09:03.161 Dobbelt så lang tid til å leve mitt liv 00:09:03.161 --> 00:09:06.830 Dobbelt så lang tid til å elske mi viv 00:09:06.830 --> 00:09:11.056 Dobbelt så mange år med vener og sprit, ja 00:09:11.056 --> 00:09:14.725 Til å dele middag, og bli passe drita 00:09:14.725 --> 00:09:16.141 Med alle dei heite hippiane 00:09:16.141 --> 00:09:17.581 Som har alvar på ræva 00:09:17.581 --> 00:09:18.858 og sumarfuglar på tattane 00:09:21.658 --> 00:09:25.894 Om eg kanskje har deg fornærma 00:09:25.894 --> 00:09:29.214 Tenk på dette, ingenting er forandra. 00:09:29.214 --> 00:09:31.652 Det er like sannsynleg at me hoppar 10 minutt attende, 00:09:31.652 --> 00:09:34.183 som at eg har klart å endre dine tankar til det betre. 00:09:38.414 --> 00:09:43.233 Skriven og framført av Tim Minchin 00:09:43.627 --> 00:09:48.115 Regissert av DC Turner 00:09:48.115 --> 00:09:50.716 Produsert av Tracy King 00:09:50.716 --> 00:09:53.107 Figurdesign og animasjon av DC Turner 00:09:53.107 --> 00:09:57.542 Kamera og effektar: Ricky Earl, Fraser Davidson, DC Turner, Andrew Flatt 00:09:57.542 --> 00:10:02.650 Assisterande figuranimasjon: Ricky Earl, Kei Phillips, Ash Collins, Valentina Grasso, Betty Le Bon, Fraser Davidson 00:10:02.650 --> 00:10:06.778 Assisterande figurdesign: Kei Phillips, Ricky Earl, Diego Garcia, Betty Le Bon, Fraiser Davidson, Rachael King, Stuart Mason, Manu Roig 00:10:06.778 --> 00:10:11.683 Lyd: Milton Mermikedes, Bridget Merkimedes, Holley Gray, Matthias Simmons, Pete Clements 00:10:11.683 --> 00:10:16.490 Storyboards: Tracy King, Fraser Davidson, Ricky Earl, Joe Pavlo 00:10:16.490 --> 00:10:21.111 Med takk til: Sid Rodrigues, Rebecca Watson, Jane Goldman and family, Chris Blohm, Loretta King, Susan Turner 00:10:21.111 --> 00:10:25.847 Med takk til: Lyndsey Brown, Shella Livingston, Helen Jack, Chris Cox, Tom Milsom, Robin Ince 00:10:25.847 --> 00:10:35.640 © Storm Movie 2011 Alle rettigheiter reservert. stormmovie.net, timminchin.com, kershoot.com