Me starta Universal Subtitles fordi me ynskjer
at kvar video på verdsveven skal kunne få undertekstar.
Millionar døve og tunghørde sjåarar treng undertekstar for å kunne bruka video.
Nettsider og folk som lagar video burde verkeleg bry seg om dette dei med.
Undertekstar gjer at videoane blir tigjengelege for eit større publikum og dei får betre rangeringar i søkjemotorar.
Universal Subtitles gjer det svært enkelt å leggja til undertekstar til nesten kva video som helst.
Ta ein tilgjengeleg video på nett, legg til URLen på nettsida vår
og skriv så inn i takt med dialogen for å laga undetekstane
Etterpå trykker du på tastaturet for å synkronisera dei med videoen.
Då er du ferdig— me gir deg ein tilleggskode for videoen
som du kan leggja til på kva nettside som helst
då kan sjåarane bruke undertekstane og kan i tillegg
bidra med omsetjingar.
Me støttar videoar på YouTube, Blip.TV, Ustream, og mange fleire.
I tillegg legg me stadig til nye tenester.
Universal Subtitles verkar med mange populære videoformat,
som MP4, theora, webM og over HTML 5.
Målet vårt er at kvar video på verdsveven skal kunne undertekstast slik at alle som er interesserte i
videoen kan hjelpa til med å gjera han meir tilgjengeleg.