Så, viss du er ein av publikum i dag, eller kanskje du ser på dette føredraget seinare ein annan stad, så er du ein deltakar i økosystemet av digitale rettar. Anten du er ein artist, ein teknolog, ein advokat eller ein fan, har praktiseringa av opphavsretten noko å seia for livet ditt. No er ikkje styringa av rettane berre eit spørsmål om eigarskap. Det er ein kompleks vev av samband og ein kritisk del av det kulturelle landskapet vårt. YouTube er djupt opptatt av rettane til innhaldseigarane. Men for å gje dei høve til å velja kva dei kan gjera med kopiar, mash-ups og meir, må me først identifisera kva tid materiale med opphavsrett blir lasta opp på sida vår. La oss sjå på éin video så de kan få sjå korleis det virkar. For to år sidan, utgav plateartisten Chris Brown den offisielle video til singelen hans "Forever". Ein fan såg han på TV, tok han opp med mobilkameraet hennar, og lasta han opp på YouTube. Men, fordi Sony Music hadde registrert videoen til Chris Brown, i systemet vårt for innhaldsidentifikasjon, tok det berre få sekund etter forsøket på å lasta opp videoen, før videoen blei sletta. Dette gav Sony høvet til å velja kva dei ville gjera. Men korleis veit me at videoen til brukaren er ein kopi? Vel, det startar med at innhaldseigarane leverer eigendeler inn i databasen vår, saman med reglar for bruken. Dette fortel oss kva me skal gjera viss me finn ein match. Me samanliknar kvar enkelt opplasting mot alle referansefilene i databasen vår. Dette varmekartet vil visa dykk korleis hjernen i systemet virkar. Her kan me sjå den originale referansefila bli samanlikna med brukaren som laga innhaldet. Systemet samanliknar kvart tilfelle frå den eine til den andre for å sjå om det er ein match. Dette tyder at me kan identifisera ein match sjølv om kopien berre er ein del av den originale fila, spelar han i sakte fart, og har dårleg kvalitet på lyd og bilete. Vi gjer dette kvar gong ein video blir lasta opp på YouTube. Og det er over 20 timar video kvart minutt. Når me finn ein match, bruker me vilkåra som opphavrettsinnhavaren har sett ned. Og storleiken og farten på dette systemet er verkeleg til å ta pusten frå deg. Me snakkar ikkje berre om nokre få videoar Me snakkar om over 100 år med videoar kvar dag. For kvar nye opplasting, blir opphavet deira skanna, og samanlikna med alt innhaldet på sida vår. Og når me samanliknar dei hundre åra med video, samanliknar me dei med millionar av referansefilar i databasen vår. Det ville vera som om 36.000 menneske skulle sjå på 36000 skjermar kvar og einaste dag, utan ein einaste kaffipause. Men, kva gjer me viss me finn ein match? Vel, mesteparten av innhaldseigarane, vil tillata at kopien blir publisert i staden for å blokkera for han. Dei tener på visninga, reklamen og kan gje lenkjer som fører til sal. Hugsar de Chris Brown-videoen "Forever"? Den hadde sine dagar i sola, men så droppa han ut av salslistene. Og dette såg ut til å vera slutten på historia. Men ein eller annan gong i fjor, eit ungt par gifta seg. Dette er bryllaupsvideoen deira. Du har kanskje sett han. (Musikk) Det som er fantastisk med dette, viss bryllaupsprosesjonen var så gøy, kan du tenkja deg kor gøy det må ha vore å sjå dei koma inn? Eg meiner, kven er desse folka? Eg ville verkeleg vera i det bryllaupet. Denne vesle bryllaupsvideoen deira klarte å få over 40 millionar visningar. Og i staden for at Sony blokkerte, tillét dei opplastinga. Og dei putta på reklame på han, og linka frå han til iTunes. Og songen, 18 månader gamal, gjekk tilbake til fjerdeplass over mest selde på iTunes. Så Sony tener pengar på begge desse. Og Jill og Kevin, det glade paret, dei kom tilbake frå bryllaupsreisa, og fann ut at videoen deira hadde tatt heilt av. Og dei enda opp i ein haug av underhaldningsprogram. Og dei brukte videoen som eit høve til å gjera ein forskjell. Videoen inspirerte til over 26.000 dollar i donasjonar for å få slutt på vald i heimen. Og "JK Wedding Entrance Dance" blei så populær at NBC parodierte han i sesongfinalen av "The Office", noko som viser at det verkeleg er eit kulturelt økosystem. Fordi det ikkje berre er amatørar som låner frå store studio. Nokre gonger låner store studio tilbake. Ved å gje høve til å velja, kan me laga ein kultur av nye høve. Og alt som ein trong gjera for å endra ting var å gje høve for val gjennom idenfisering av rettar. Så, kvifor har ingen løyst dette problemet før? Det er fordi det er eit stort problem, som er komplisert og rotete. Det er ikkje uvanleg at ein enkelt video har fleire innhaldseigarar. Det er plateselskap. Det er utgjevarar av musikk. Og kvar av desse kan variera mellom land. Og det er mange tilfelle der fleire verk er sett saman. Så me må forhalda oss til mange krav til den same videoen. Identifikasjonssystemet til YouTube forheld seg til alle desse spørsmåla. Men systemet fungerer berre gjennom deltakinga av opphavsrettsinnehavarane. Viss du har innhald som andre lastar opp på YouTube, bør du registrera det i identifikasjonssystemet for innhald. Og då får du velja korleis innhaldet ditt skal bli brukt. Og tenk nøye gjennom vilkåra som du lagar for bruken av innhaldet. Ved å blokkera for all gjenbruk, vil du mista nye kunstformer, nye publikummarar, nye distribusjonskanalar og nye måtar å tena pengar. Men det handlar ikkje berre om pengar og visningar. Berre sjå på all gleda som blei spreidd gjennom framtidsretta praktisering av innhaldsrettar og ny teknologi. Og eg tenkjer at glede definitivt er ein ide som er verdt å spreia. Takk skal de ha! (Applaus)