0:00:00.000,0:00:02.000 Så, viss du er ein av publikum i dag, 0:00:02.000,0:00:05.000 eller kanskje du ser på dette føredraget seinare ein annan stad, 0:00:05.000,0:00:08.000 så er du ein deltakar i økosystemet av digitale rettar. 0:00:08.000,0:00:10.000 Anten du er ein artist, ein teknolog, 0:00:10.000,0:00:12.000 ein advokat eller ein fan, 0:00:12.000,0:00:15.000 har praktiseringa av opphavsretten noko å seia for livet ditt. 0:00:15.000,0:00:17.000 No er ikkje styringa av rettane 0:00:17.000,0:00:20.000 berre eit spørsmål om eigarskap. 0:00:20.000,0:00:22.000 Det er ein kompleks vev av samband 0:00:22.000,0:00:25.000 og ein kritisk del av det kulturelle landskapet vårt. 0:00:25.000,0:00:28.000 YouTube er djupt opptatt av rettane til innhaldseigarane. 0:00:28.000,0:00:30.000 Men for å gje dei høve til å velja kva dei kan gjera 0:00:30.000,0:00:33.000 med kopiar, mash-ups og meir, 0:00:33.000,0:00:35.000 må me først identifisera 0:00:35.000,0:00:38.000 kva tid materiale med opphavsrett blir lasta opp på sida vår. 0:00:38.000,0:00:41.000 La oss sjå på éin video så de kan få sjå korleis det virkar. 0:00:41.000,0:00:43.000 For to år sidan, utgav plateartisten Chris Brown 0:00:43.000,0:00:46.000 den offisielle video til singelen hans "Forever". 0:00:46.000,0:00:48.000 Ein fan såg han på TV, 0:00:48.000,0:00:50.000 tok han opp med mobilkameraet hennar, 0:00:50.000,0:00:53.000 og lasta han opp på YouTube. 0:00:53.000,0:00:56.000 Men, fordi Sony Music hadde registrert videoen til Chris Brown, 0:00:56.000,0:00:58.000 i systemet vårt for innhaldsidentifikasjon, 0:00:58.000,0:01:00.000 tok det berre få sekund etter forsøket på å lasta opp videoen, 0:01:00.000,0:01:02.000 før videoen blei sletta. 0:01:02.000,0:01:05.000 Dette gav Sony høvet til å velja kva dei ville gjera. 0:01:05.000,0:01:08.000 Men korleis veit me at videoen til brukaren er ein kopi? 0:01:08.000,0:01:10.000 Vel, det startar med at innhaldseigarane 0:01:10.000,0:01:12.000 leverer eigendeler inn i databasen vår, 0:01:12.000,0:01:14.000 saman med reglar for bruken. 0:01:14.000,0:01:17.000 Dette fortel oss kva me skal gjera viss me finn ein match. 0:01:18.000,0:01:20.000 Me samanliknar kvar enkelt opplasting 0:01:20.000,0:01:23.000 mot alle referansefilene i databasen vår. 0:01:23.000,0:01:25.000 Dette varmekartet vil visa dykk 0:01:25.000,0:01:27.000 korleis hjernen i systemet virkar. 0:01:27.000,0:01:29.000 Her kan me sjå den originale referansefila 0:01:29.000,0:01:32.000 bli samanlikna med brukaren som laga innhaldet. 0:01:33.000,0:01:35.000 Systemet samanliknar kvart tilfelle 0:01:35.000,0:01:37.000 frå den eine til den andre for å sjå om det er ein match. 0:01:37.000,0:01:39.000 Dette tyder at me kan identifisera ein match 0:01:39.000,0:01:42.000 sjølv om kopien berre er ein del av den originale fila, 0:01:42.000,0:01:44.000 spelar han i sakte fart, 0:01:44.000,0:01:47.000 og har dårleg kvalitet på lyd og bilete. 0:01:47.000,0:01:49.000 Vi gjer dette kvar gong 0:01:49.000,0:01:51.000 ein video blir lasta opp på YouTube. 0:01:51.000,0:01:54.000 Og det er over 20 timar video kvart minutt. 0:01:54.000,0:01:56.000 Når me finn ein match, 0:01:56.000,0:01:59.000 bruker me vilkåra som opphavrettsinnhavaren har sett ned. 0:02:00.000,0:02:03.000 Og storleiken og farten på dette systemet 0:02:03.000,0:02:05.000 er verkeleg til å ta pusten frå deg. 0:02:05.000,0:02:08.000 Me snakkar ikkje berre om nokre få videoar 0:02:08.000,0:02:10.000 Me snakkar om over 0:02:10.000,0:02:13.000 100 år med videoar kvar dag. 0:02:13.000,0:02:15.000 For kvar nye opplasting, blir opphavet deira skanna, 0:02:15.000,0:02:18.000 og samanlikna med alt innhaldet på sida vår. 0:02:19.000,0:02:21.000 Og når me samanliknar dei hundre åra med video, 0:02:21.000,0:02:23.000 samanliknar me dei med millionar 0:02:23.000,0:02:25.000 av referansefilar i databasen vår. 0:02:25.000,0:02:27.000 Det ville vera som om 36.000 menneske 0:02:27.000,0:02:30.000 skulle sjå på 36000 skjermar 0:02:30.000,0:02:33.000 kvar og einaste dag, utan ein einaste kaffipause. 0:02:33.000,0:02:36.000 Men, kva gjer me viss me finn ein match? 0:02:36.000,0:02:39.000 Vel, mesteparten av innhaldseigarane, 0:02:39.000,0:02:41.000 vil tillata at kopien blir publisert i staden for å blokkera for han. 0:02:41.000,0:02:43.000 Dei tener på visninga, 0:02:43.000,0:02:46.000 reklamen og kan gje lenkjer som fører til sal. 0:02:46.000,0:02:48.000 Hugsar de Chris Brown-videoen "Forever"? 0:02:48.000,0:02:50.000 Den hadde sine dagar i sola, men så droppa han ut av salslistene. 0:02:50.000,0:02:53.000 Og dette såg ut til å vera slutten på historia. 0:02:53.000,0:02:55.000 Men ein eller annan gong i fjor, eit ungt par gifta seg. 0:02:55.000,0:02:57.000 Dette er bryllaupsvideoen deira. 0:02:57.000,0:02:59.000 Du har kanskje sett han. 0:02:59.000,0:03:01.000 (Musikk) 0:03:01.000,0:03:03.000 Det som er fantastisk med dette, 0:03:03.000,0:03:05.000 viss bryllaupsprosesjonen var så gøy, 0:03:05.000,0:03:07.000 kan du tenkja deg kor gøy det må ha vore å sjå dei koma inn? 0:03:07.000,0:03:09.000 Eg meiner, kven er desse folka? 0:03:09.000,0:03:12.000 Eg ville verkeleg vera i det bryllaupet. 0:03:12.000,0:03:14.000 Denne vesle bryllaupsvideoen deira 0:03:14.000,0:03:17.000 klarte å få over 40 millionar visningar. 0:03:17.000,0:03:19.000 Og i staden for at Sony blokkerte, 0:03:19.000,0:03:21.000 tillét dei opplastinga. 0:03:21.000,0:03:23.000 Og dei putta på reklame på han, 0:03:23.000,0:03:25.000 og linka frå han til iTunes. 0:03:25.000,0:03:28.000 Og songen, 18 månader gamal, 0:03:28.000,0:03:31.000 gjekk tilbake til fjerdeplass over mest selde på iTunes. 0:03:31.000,0:03:34.000 Så Sony tener pengar på begge desse. 0:03:34.000,0:03:36.000 Og Jill og Kevin, det glade paret, 0:03:36.000,0:03:38.000 dei kom tilbake frå bryllaupsreisa, 0:03:38.000,0:03:40.000 og fann ut at videoen deira hadde tatt heilt av. 0:03:40.000,0:03:43.000 Og dei enda opp i ein haug av underhaldningsprogram. 0:03:43.000,0:03:45.000 Og dei brukte videoen som eit høve til å gjera ein forskjell. 0:03:45.000,0:03:48.000 Videoen inspirerte til over 26.000 dollar i donasjonar 0:03:48.000,0:03:50.000 for å få slutt på vald i heimen. 0:03:50.000,0:03:53.000 Og "JK Wedding Entrance Dance" blei så populær 0:03:53.000,0:03:56.000 at NBC parodierte han i sesongfinalen av "The Office", 0:03:56.000,0:03:58.000 noko som viser at 0:03:58.000,0:04:01.000 det verkeleg er eit kulturelt økosystem. 0:04:01.000,0:04:04.000 Fordi det ikkje berre er amatørar som låner frå store studio. 0:04:04.000,0:04:07.000 Nokre gonger låner store studio tilbake. 0:04:07.000,0:04:10.000 Ved å gje høve til å velja, kan me laga ein kultur av nye høve. 0:04:10.000,0:04:12.000 Og alt som ein trong gjera for å endra ting 0:04:12.000,0:04:15.000 var å gje høve for val gjennom idenfisering av rettar. 0:04:15.000,0:04:18.000 Så, kvifor har ingen løyst dette problemet før? 0:04:18.000,0:04:20.000 Det er fordi det er eit stort problem, 0:04:20.000,0:04:22.000 som er komplisert og rotete. 0:04:22.000,0:04:24.000 Det er ikkje uvanleg at ein enkelt video 0:04:24.000,0:04:26.000 har fleire innhaldseigarar. 0:04:26.000,0:04:28.000 Det er plateselskap. 0:04:28.000,0:04:30.000 Det er utgjevarar av musikk. 0:04:30.000,0:04:32.000 Og kvar av desse kan variera mellom land. 0:04:32.000,0:04:34.000 Og det er mange tilfelle 0:04:34.000,0:04:36.000 der fleire verk er sett saman. 0:04:36.000,0:04:38.000 Så me må forhalda oss til mange krav 0:04:38.000,0:04:40.000 til den same videoen. 0:04:40.000,0:04:43.000 Identifikasjonssystemet til YouTube forheld seg til alle desse spørsmåla. 0:04:43.000,0:04:45.000 Men systemet fungerer berre gjennom 0:04:45.000,0:04:47.000 deltakinga av opphavsrettsinnehavarane. 0:04:47.000,0:04:50.000 Viss du har innhald som andre lastar opp på YouTube, 0:04:50.000,0:04:52.000 bør du registrera det i identifikasjonssystemet for innhald. 0:04:52.000,0:04:54.000 Og då får du velja 0:04:54.000,0:04:56.000 korleis innhaldet ditt skal bli brukt. 0:04:56.000,0:04:59.000 Og tenk nøye gjennom vilkåra som du lagar for bruken av innhaldet. 0:04:59.000,0:05:01.000 Ved å blokkera for all gjenbruk, 0:05:01.000,0:05:03.000 vil du mista nye kunstformer, 0:05:03.000,0:05:05.000 nye publikummarar, 0:05:05.000,0:05:07.000 nye distribusjonskanalar 0:05:07.000,0:05:09.000 og nye måtar å tena pengar. 0:05:09.000,0:05:12.000 Men det handlar ikkje berre om pengar og visningar. 0:05:12.000,0:05:14.000 Berre sjå på all gleda 0:05:14.000,0:05:16.000 som blei spreidd gjennom framtidsretta praktisering av innhaldsrettar 0:05:16.000,0:05:18.000 og ny teknologi. 0:05:18.000,0:05:21.000 Og eg tenkjer at glede definitivt er ein ide som er verdt å spreia. 0:05:21.000,0:05:23.000 Takk skal de ha! 0:05:23.000,0:05:25.000 (Applaus)